Det er den verste følelsen i verda. Continue reading
Gary Speed: What No One Says
The shock of Gary Speed’s suicide has settled down. There are many speculations doing the rounds, but as far as I can see, none of them has touched upon my thoughts. Continue reading
om hårete menn frå 70-talet – del 2
ca eitt og eit halvt år etter del 1 – http://blogg.aalhus.no/?p=13 – er det vel på tide med del 2.
eg lova “Ei forteljing om då fotball blei spelt av menn med stor M. Då pengar ikkje styrte alt. Då tippekampen frå Molineux eller Baseball Ground var høgdepunktet i veka for millionar av britar (for ikkje snakke om millionar av nordmenn ;-)” , så here goes….
norsk rikskringkasting gjorde i 1969 ein genistrek av ei skjeldne. eit lyst hovud i kringkastinga fann ut at det ville vere smart å overføre fotball frå england. direkte. i svart kvitt.
29. november 1969 gikk startskotet frå Molineux i Wolverhampton. heimelaget tok imot Sunderland på ein gråkald, regnvåt ettermiddag i Midlands. sjølvsagt gjekk ikkje alt etter planen, og bilda kom ikkje på skjermane her på berget før ca 15 minutt ut i kampen – akkurat tidsnok til at nordmenn fekk stifte bekjentskap med Hugh Curran, skotten scora det første målet i tippekamphistoria og Wolves vann til slutt 1-0.
8. april 1995 gjekk den aller siste tippekampen på NRK, ein mildt sagt drit kjedeleg kamp mellom Nottingham Forest og West Ham enda 1-1. Stan Collymore og Julian Dicks scora dei siste måla Arne kommenterte frå England. Grunnen til at NRK avslutta eit langt forhold til tippekampen? Svaret er, som det meste som er feil i fotball i dag, pengar.
FilmNet, Canal+, Canal Digital, TV2 Premier League
Hausten 1996 var det slutt på gratis laurdagsfotball frå england. eg syns dette var noko tull – for å måtte kjøpe tilgang til lidenskapen var eg ikkje vand med. så eg tenkte eg skulle prøve å ‘halde meg unna’. det gjekk dårleg.
allereie i tredje serierunde i 1996/97 sesongen møtte Tottenham Everton heime på White Hart Lane. Det var midt i hå-slåtten, så denne laurdagen sat eg godt planta i ein glovarm traktor og ofra forsåvidt ikkje fotballen ein tanke. sånn ca klokka 19 denne kvelden fekk eg besøk på låven medan eg tømde avlesservogna. Tore T hadde sett fotball. Tore T hadde sett Tottenham, på FilmNet, heime hos seg. eg sukka. visste at om ein Liverpool-supporter inne i dalen kunne sjå live fotball i heimen, så måtte eg også.
ettersom eg budde heime hos mor og far på denne tida, var ikkje fjernsynet og abonnementa mitt domene. med ei lillesøster også i hus, kunne du banne på at fjernsynet ville vere opptatt kvar forbanna lørdag ettermiddag, så eg anskaffa meg ikkje eigen tilgang til fotball. det blei med andre ord mange, lange, seine kveldar hos Tore T med kaffi og Petterøe’s 3 framfor fjernsynet. men for all del; det var triveleg – å sjå fotball med likesinna er minst dobbelt så kjekt.
to be continued…
24 S08: Jack is back!
Det er på tide igjen. Etter eit år utan Jack er det no tre veker til han igjen inntek tvskjermen.
Her er ein liten smakebit av kva gale som kjem til å skje framover;
Måndag tett oppunder jul
Rart kor motivert ein er på ein måndag tett oppunder jul.
Dagen kan starte med eit par timar utgreiing om kva helgeaktivitetar diverse bekjende bedreiv i helga. Folk har vore nissar, folk har vore fulle, folk har vore drita fulle og nokon har komme med geniale uttalelsar som faktisk bør skrivast ned for at dei ikkje blir gløymde.
Trine J er roomie med meg på jobb, og ho kjem ofte med gullkorn. Det siste i rekka serverte ho på lørdag medan ho forsøkte å overtyde diverse meir eller mindre fulle folk om at ho prata sant. “Ti fingrar i hjertet og kryss på tissen altså!!”. Eg tvilar overhodet ikkje på at Trine J bløffa uansett kva ho prøvde å poengtere.
Rune S hadde ei rusja helg iflg rapportane. Forsøk på å overta Nissen sin geskjeft enda sjølvsagt opp i ei hinsides fylle som antageligvis kjem til å bli rekna som ein höjdare. Bilder som dette er vel med å illustrere litt

nissing
Rune S slit med hukommelsen på ein måndag, noko han ikkje ser vekk ifrå kan ha noko med “Galliano”, “12 pils” og “eller kanskje ikkje 12 pils” å gjere. Det må jo gå gale. Men ein er som regel uskyldig inntil det motsette er bevist, og når Rune S blir spurt om han har spydd på dassen er svaret “Nei det er eg 92,4% sikker på at eg ikkje har gjort”. Sjølvsagt var det han som spydde. Eg fortalde han at han ikkje måtte vere skjemd pga det, heller sjå på det som spart arbeid på søndagen – for jævelskapen hadde komme opp eller ut uansett, så kvifor ikkje kvitte seg med det på andre sin dass?
SkogsFAIL
Er ein mange nok dagar i skogen, så dukkar det alltid opp situasjonar som kan vere rare, spesielle og ikkje minst livsfarlige.
Men det dukkar også opp situasjonar som du berre må le av. Som for eksempel
Rulling av røyk med hanskar på. Ikkje spesielt enkelt.
Eller kva med denne?
Hahahah! Alle ser jo at eg har satt sagkjeden på feil vei! :-p
Men ellers var det lite Tusser og Troll i skogen denne veka. Litt skuffande igrunn, for det kunne jo vore kjekt å treft på ei nett, lita single Hulder…. Tanken blei delt med min kollega Trine, som hadde følgande kommentar:
“Det var synd da.. Det kjipe med huldrer er at dei har så masse hår i ræva…
…eller hale heiter det kanskje”
cKy – a#1 roller rager!
Det er fredag igjen!
Denne gongen tykkjer eg det er på sin plass å poste noko som er driv og fart i. Lat meg difor presentere cKy med a#1 roller rager frå den glimrande plata Carver City. Løyp å kjøyp!
When love and hate collide…
Det er igrunn rart korleis ting kan bli.
Har ein ikkje før ‘landa’, så tek det av igjen. Familie er ein rar ting, og ein ting du som les dette skal vere klar over er følgande:
Du kjenner faen ikkje din egen familie før det har oppstått ei ueinighet om pengar eller ting som kan omsetjast i pengar. Lurer du på noko i denne samanheng, så har eg RIKELEG med erfaring å snakke ifrå. I mellomtida høyrer eg at Joe Elliott og kompisane i Def Leppard riv i veg ned vegen der love and hate collide…
Fins ikke piller mot møkkete vann!
Dumdum Boys er tilbake med ny plate på mandag!
For å feire dette, og ettersom det er freddan’ så sparkar eg igang helga med ein god gammal Dumdum låt.
Mexico Ligg i Spania – visstnok…
Nephew er eit dansk band som heilt åpenbart ikkje fulgte med i geografi-timane på skulen.
Dei kjem med fullstendig idiotiske påstander som at ‘Mexico ligger i Spanien’ og at Ladies Nights er for vandaler.
Uansett, kul låt – rar tekst.

